Vågåkyrkja er valkyrkje

Valkyrkje i 1814

Sorenskrivar Mads Bjerregaard og Ole Paulsen Haakenstad vart utnemnde som valmenn frå Vågå prestegjelds menighet til å møte på Hunn på Gjøvik for å velja representantar frå Oppland til riksforsamlinga på Eidsvoll. Den tida låg Sel og Heidal under Vågå prestegjeld, og utnemninga av valmenn skjedde i “Vaage Hoved-Kirke” den 4. mars 1814. Dei som skreiv under var dei “øvrighetspersoner” og embetsmenn som var til stades samt 12 av menighetens “aktverdigste” menn, dette var presten, lensmannen, ein offiser, ein sakførar og 12 av dei fremste bøndene.

Vågå Historielag, Knut Raastad

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.