Dåp er ein gamal tradisjon i landet vårt - truleg i din familie og.

Når du let barnet ditt bli døypt legg du det i Guds hender. Det vert Guds barn og medlem av vår kyrkje og Guds familie på jorda.

Alle er velkommen til å nytte Vågåkyrkja til dåp.

Ta kontakt med oss på tlf 911 73537 eller send epost til kf278@kyrkja.no så får du vete når vi har gudsteneste der vi kan døypa bornet ditt.

Veka før dåpen finn stad vil gjerne presten ha ei dåpssamtale med dykk. Denne samtala har du gjerne med presten på heimstaden din hvis du ikkje bur i Vågå. I samtala prater dykk generelt om dåpen, praktisk informasjon og det vert og informert om trusopplæringa i kyrkjelyden.

Ved dåpen skal barnet ha minst to faddere. Du kan høgst ha seks og dei må ha fylt 15 år. Foreldra kan ikkje være faddere. Når det gjeld navnevalg skal dette meldast til folkeregisteret.

Ved dåpen får bornet sin dåpsattest, det får og dåpsserviett og dåpsljos som er ei gåve frå kyrkjelyden.

Vi ynskjer deg velkommen til dåp i Vågåkyrkja !

Du kan og lese meir om dåpen her: http://www.kirken.no/daap

 

 

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.