Vågå kyrkjelyds gåvefond

Vågå kyrkjelyds gåvefond har eksistert sidan 1967. Formålet med fondet er å heidre minnet til avdøde på ein verdig og fin måte. Fondet fungerer slik at ein gjev ei pengegåve til gåvefondet i staden for blomar/kranser (eller i tillegg til dette) På eit pent gåvekort blir namna til alle givarane påført og oversendt til den næraste pårørande i samband med gravferda.

Fondet kan nyttast etter to modellar:

1. Gåve direkte til Vågå kyrkjelyds gåvefond.

Heile gåva, minus 20% provisjonsløn, går til tiltak i kyrkja og på kyrkjegarden som ikkje vert dekt av ordinære inntekter som festeavgift og offentleg tilskot.

2. Gåve gjennom Vågå kyrkjelyds gåvefond.

Dersom det var avdøde sin vilje er det og høve til at gåva kan gå til kristeleg eller humanitært formål. Av gåva går da 50% til det ynskte formålet, 20% til provisjonsløn og 30% til Vågå kyrkjelyds gåvefond.

All bruk av fondet skjer berre etter lovleg fatta vedtak i Vågå Sokneråd.

Vågå kyrkjelyds gåvefond har kontor på kyrkjekontoret og har tlf.: 61 29 37 46.
Kontonummer til Vågå kyrkjelyds gåvefond er  2085 26 99192. Vi gjer merksam på at du bør ringe for å få navnet ditt oppført på lista, men bruk gjerne nettbank for betaling.

Hvis du betaler i god tid før gravferda (eitt par dagar) og skriv kven helsinga er frå så vil vi sjå det på nettbanken. Vi vil da kunne føre opp navnet på lista utan at det er ringt på førehand, men da er vi avhengig av at du skriv navna slik du vil ha dei på lista.

Kontortida til gåvefondet er dagen før gravferdsdagen kl. 09.00 - 15.00,  og gravferdsdagen frå klokka 9.00 til gravferda finn stad.

FRÅ 1. MARS 2014 SÅ ER MINSTEBELØP DU KAN GJE TIL GÅVEFONDET KR. 100,-.

DETTE VART VEDTEKE I MØTE I VÅGÅ KYRKJELEGE FELLESRÅD DEN 18.2. 2014

VÅGÅ KYRKJELYDS GÅVEFOND KONTONUMMER ER : 2085 26 99192.

Hugs at hvis du berre betaler til kontoen utan å ringe så lyt du betale i god tid for å bli med på lista. (Blir det betalt same dag som gravferda er så blir ikkje navnet med på lista sidan vi ikkje ser kven som har betalt.) Hugs også å merke innbetalinga slik at vi både veit kva gravferd det er til, samt kva navn som skal stå på lista.

Det vert alltid ettersendt ei liste til dei pårørande, så hvis du har gløymt betale før gravferda så går det fint å betale etterpå også.

DU KAN OG NYTTE VIPPS NR. 117 021 TIL GÅVEFONDET. HUGS Å MERKE KVEN DET ER TIL OG LIKEEINS KVA NAVN SOM SKAL STÅ PÅ LISTA.

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.