Gravferd - avskil med livet

For oss alle kjem den vonde dagen når vi må ta avskil med ein vi er glad i. Vi står attende i djup sorg, og føler på maktesløysa. Det kan være vanskelig å sjå at livet skal gå vidare.

Oppe i alt dette er det ein del ting du må gripe fatt i, og der kjem og kontakta med oss på kyrkjekontoret. Vi vil gjerne treffe dykk pårørande for at vi ilag kan finne gravstad og tidspunkt for gravferd. Når du er innom på kyrkjekontoret kan vi og som regel formidle avtale med presten og med gravferdsbyrået.

Gravferdsbyrået hjelp deg med det som trengs ang. papirer. Det er sidan 1.3.2019 slutt på at du som pårørende sjølv må varsle dødsfallet til lensmannen. Nå går varselet direkte til Tingretten og dette hjelp byrået deg med, ev. dei på kyrkjekontoret.

Dei fleste vel vanleg gravferd, eller det vi kallar kistegravferd. Vi ser nå at fleire ynskjer bisettelse, her kan du lese meir om det: Hva er en bisettelse? · SisteAvskjed

 MINNAST MEG


Minnast meg, når sorga den tyngjer, og når du tenkjer at livet er slutt.
Minnast meg når tårene renner, og tenk på at eg alltid passer på deg.
Minnast meg når vårsola skinner, nedi dei bakkane me gjekk ein gong.
Minnast meg når du tenkjer dei tanker, der du og eg gjekk hånd i hånd.

Nå når eg ikkje er meir, må du stå ved roret og styra den båten me hadde ilag.
Nå skal du styra støtt mot eigne strender, men eg vil alltid i tankane bli.

Minnast meg når haustvinden suser, og lauvet fell sikkert til bakken ned.
Minnast meg når du går over golvet, og minnane danser i kvar ein krok.
Minnast meg når du smiler så stille, og du føler mi hånd i di, der du sit.

I den tida så kjem skal minnane strøyma, med dei vil og gleda og gråt følgja med.
Når dei mest riv deg sund, skal du freista og smila og kjenna i hjarta dit at eg framleleis er der.

Minnast meg når du føler det lettare, og livet blir lysare for kvar ein dag.
Minnast meg då som den beste tida, og då vil du og kjenne glede og ro.

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.