Konfirmasjon i Vågå

Her i Vågå foregår konfirmantundervisninga det året du går i niande klasse. For dei som ynskjer har vi tilbud om å delta på konfirmantweekend på Lillehammer i månadsskifte januar/februar.


Ellers er konfirmantudervisninga sett til ordinær undervisning på ettermiddagstid, og dei er medvirkande i eit og anna trusopplæringstiltak gjennom året.

Det er eit flott skue med Vågåkyrkja full av konfirmantar og familie på konfirmasjonsmessene vi har kvar vår. Ein festdag i Vågåkyrkja! Her deltek og musikkgruppa 5 Åver frå Lalm.

 For meir utfyllande informasjon gå inn på : https://kirken.no/konfirmasjon

KONFIRMASJONSDAGAR I VÅGÅ I ÅRA FRAMOVER -

Konfirmasjon er ei stadfesting av dåpen som fann stad da du var berre liten. Du kan delta i konfirmantundervisninga utan å være døypt, men før sjølve konfirmasjonsgudstenesta finn stad må du døypast.

I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får anledning til å utforske nokre av livets mange spørsmål saman med andre. Vi har samtaler om livet – på godt og ondt.

Laurdag 31. mai og søndag 8. juni  - 2025


Søndag 24. mai (pinse) og laurdag 30. mai -2026


Søndag 23. mai og laurdag 29. mai - 2027



Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.