Konfirmasjon er ei stadfesting av dåpen som fann stad da du var berre liten. Du kan delta i konfirmantundervisninga utan å være døypt, men før sjølve konfirmasjonsgudstenesta finn stad må du døypast.
I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får anledning til å utforske nokre av livets mange spørsmål saman med andre. Vi har samtaler om livet – på godt og ondt.
Her i Vågå foregår konfirmantundervisninga det året du går i niande klasse. For dei som ynskjer har vi tilbud om å delta på konfirmantleir i Grimstad i august. Ellers er konfirmantudervisninga
sett til ordinær undervisning på ettermiddagstid, og dei er medvirkande i eit og anna trusopplæringstiltak gjennom året.
Det er eit flott skue med Vågåkyrkja full av konfirmantar og familie på konfirmasjonsmessene
vi har kvar vår. Ein festdag i Vågåkyrkja!
For meir utfyllande informasjon gå inn på : https://kirken.no/konfirmasjon
KONFIRMASJONSDAGAR I VÅGÅ
I ÅRA FRAMOVER - etter vedtak i soknerådet 13.6.2016. Det vert nå konfirmasjon fast kvar pinsedag og laurdagen før eller etter utifrå når på året pinsa kjem
Søndag 28. mai og laurdag 3. juni -
2023
Søndag 19. mai og laurdag 25. mai - 2024
Laurdag 31. mai og søndag 8. juni - 2025