Vågå sokn søkjer organist/kyrkjemusikar

i 80% fast stilling


Lokalsamfunnet i Vågå har over år bygd opp mykje arrangementskompetanse.

Vågå kyrkjelege fellesråd ønskjer å vidareutvikle Vågåkyrkja som ein attraktiv samfunnsaktør. Vi ønskjer oss god oppslutning kring gudstenestene, eit godt samarbeid med lag og organisasjonar, eit rikt kulturliv og eit godt samarbeid med barnehagane og skulane. Alle generasjonar skal vere representert og vi ønskjer å drive kor- og kulturarbeid, diakonalt arbeid, sorggrupper og ulike temasamlingar, i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggjande arbeid.
Dette er ei spennande stilling i ei tradisjonsrik, men moderne folkekyrkje. Vår nye organist/kyrkjemusikar må kunne ivareta både klassiske kyrkjemusikktradisjonar og nye musikkformer. Her er det moglegheiter og spennande oppgåver! 


Vi ønskjer oss ein allsidig musikar som:
 har godkjent kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant utdanning og erfaring
 tek det overordna musikalske ansvaret i soknet i samband med gudstenester, vigsel, gravferd, institusjonsarbeid (andakter), salmekveldar og andre kyrkjelege aktivitetar
 har eit sterkt ønskje om å utvikle musikalsk arbeid og styrke songgleda i kyrkjelyden, saman med frivillige og staben.
 er engasjert med i stabs- og planleggingsmøter for kyrkjeleg aktivitet
 medverker til musikalsk profil/tek del i trusopplæringsaktivitetar.
 samarbeider aktivt med det rike kulturlivet i bygda - legg til rette for og gjennomfører konsertar og musikalske prosjekt i regi av kyrkja.


Av eigenskapar vil vi vektleggje:
 at du evner å involvere, inspirere og skape songglede.
 at du har god samarbeidsevne og leiareigenskapar.
 at du er positiv og kontaktskapande.
 at du er løysningsorientert og fleksibel.
 at du ønskjer å arbeide for kyrkja sine mål og visjonar.


Om stillinga elles:
 Du vil få høve til å profilere deg som musikar, og til å påverke eigen arbeidssituasjon.
 Du får løn og godtgjering i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale i KA og pensjon- og forsikringsordning gjennom KLP.
 Vågå kyrkjelege fellesråd er IA-bedrift.
 Du må pårekne arbeid ettermiddag, kveld, helg og på høgtidsdagar.
 Det er ei frihelg i månaden.
 Du har ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkja sitt orgel og øvrige instrument.


Orgelet i kyrkja er frå 2002, og er beskreve som eit av dei flottaste kyrkjeinstrumenta i Gudbrandsdalen. Det er bygd av den danske orgelbyggjaren Marcussen & Søn. og har 1200 piper, 20 stemmer, to manualar og pedal. Det er og eitt piano av god kvalitet i kyrkja.

Staben held til i trivelege lokale i kommunehuset rett ved kyrkja og består av kyrkjeverje, sekretær, sokneprest, kyrkjelydspedagog, klokkar og kyrkje-gardsarbeidar. Vi gler oss til å få ein musikar med på laget!


Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju og prøvespeling.
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing, jfr Kirkeloven §29.
Du må være medlem i Den norske kyrkja.
Du må disponere eigen bil.


Det er ønskjeleg med oppstart i stillinga 1. februar 2024.


Har du spørsmål, ta kontakt med:
Dagleg leiar/kyrkjeverje Johanne Krogstadmo

(mobil: 95 24 22 10/e-post:jk854@kyrkja.no)
eller fellesrådsleiar Erik Lillebråten (mobil: 909 71 257).


Søknad med CV, referansar og kopi av attestar og vitnemål sender du til Vågå kyrkjelege fellesråd v/ kyrkjeverje, Postboks 78, 2684 Vågåmo eller på e-post tilpost.vaga@kyrkja.no.


Søknadsfrist: opphaveleg 1. november, men utvida til 15. november.


Kort om Vågå og Vågåkyrkja:

Vågå er sentralt plassert mellom nasjonalparkane, eit pulserande knutepunkt midt i landet - med kort veg til alt du treng i kvardagen, og meir til! Flotte naturopplevingar, levande lokalmiljø i grendene og gode private og offentlegetenester. Ca. halvparten av dei 3546 innbyggjarane bur i kommunesenteret Vågåmo. Vi har ei kyrkje i soknet, Vågåkyrkja - som ligg midt i sentrum av Vågåmo omkransa av ein vakker kyrkjegard. Grunnplanen i kyrkja er krossforma og ho har plass til 250 personar. Itillegg er det eit privateigd kapell, Sandbukapellet, som ligg rett opp i lia utanfor sentrum.
Vågå høyrer til Nord-Gudbrandsdal prosti i Hamar bispedømme.
Vågåkyrkja var opprinneleg ei lita stavkyrkje frå perioda 1150-1200. Den vart flytta og fullstendig ombygd i åra 1625-1630. Om få år feirer vi 400-års jubileum!

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.