 |
 |
|
 |
 |
I 2022 satsar vi på å få til ekstra mykje fin song i kyrkja.
På julekvelden hadde vi urpremiere med vårt eige julekor med songarar frå 1-4 klasse. Det var særs vellykka, og
me håper på atthøyr med dei! I tillegg etablerast det to nye songgrupper:
Forsongargruppa og Vågåkantoriet Forsongargruppa vil fokusere på salmesong og noko liturgisk musikk. Målet er å lyfte songen på dei vanlege høgmessane, og å lære oss nokon av dei mindre kjende salmane som kom i den nye salmeboka for snart
ti år sia. Kriteriet for å bli med i forsongargruppa er å vere glad i å syngja. I Vågåkantoriet skal me freista å vere litt meire ambisiøse. Der skal vi syngja kormusikk for bruk i kyrkja, og vi skal sjå på litt av den utvida og fleirstemte liturgiske musikken. For å bli med i Vågåkantoriet
må du kunne lese noter og ha erfaring med fleirstemt song. Vi treffast i kyrkja kvar andre tysdag kl 19:00.
Forsongargruppa på oddetalsveker, Vågåkantoriet på partalsveker. Tidspunkt for oppstart og øving er ikkje hogd i stein. Kanskje må det bli litt fram og attende for å finne tidspunkt som passar best for flest.
Oppstart forsongargruppa: Tysdag 18.januar kl 19:00 Oppstart Vågåkantoriet: Tysdag
25.januar kl 19:00 Om du vil vere med så ta kontakt med Alf Hulbækmo på
915 39 906 eller epost: AH554@kyrkja.no
|
|
 |