LEDIG STILLING KYRKJELYDSPEDAGOG

                                                                                                                  

I Vågå er det ledig FAST STILLING som KYRKJELYDSPEDAGOG  i  50 %

Vågå kommune har vel 3500 innbyggjarar der 87 % er medlemmar i Den norske kyrkja. Soknet har ei kyrkje, Vågåkyrkja, samt eit privateigd kapell. Vågå høyrer til Nord-Gudbrandsdal prosti i Hamar bispedømme.

Opprinneleg var Vågåkyrkja ei stavkyrkje frå perioda 1150-1200, men endra behov for bygdas befolkning førte til at kyrkja vart fullstendig ombygd i åra 1625–1630. Byggmester var den kjende kyrkje- og tårnbyggaren Werner Olsen Skurdal frå Nes på Hedmarken. Kyrkja har plass til 250 personar.

Vågå har to private og to kommunale barnehagar. Det er to barneskular i bygda, Vågåmo Skule og Lalm Skule. Det er felles ungdomsskule i Vågå sentrum. Vi har svært høg oppslutnad både rundt dåp og konfirmasjon.

 Kyrkjelydspedagogen har kontor på kyrkjekontoret på kommunehuset i Vågå. Staben elles består av kyrkjeverje, sekretær, sokneprest, organist, klokkar og kyrkjegardsarbeidar.

 Vågå kyrkjelege fellesråd søkjer nå etter ny kyrkjelydspedagog som skal –

Gjennomføre tiltaka som ligg i vår rikhaldige trusopplæringsplan for aldersgruppa    0-18 år i samarbeid med andre i staben og friviljuge.

  • Rapportere inn gjennomførte tiltak, evaluere og eventuelt endre og vidareutvikle planen vår.
  • Kalle inn til møter i Trusopplæringsutvalet i kyrkjelyden og skrive referat.
  • Samarbeide med prest, organist og øvrig stab samt friviljuge.
  • Arbeide med rekruttering av friviljuge til gjennomføring av tiltak.


Av kvalifikasjonar og eigenskapar vil vi vektleggje –

  • At du har relevant utdanning på høgskulenivå, anna utdanning eller erfaring
  • At du er positiv, engasjert og motivert. Vilje og lyst til å arbeide for og med barn og unge, og være oppteke av å skape gode trygge miljøer.
  • At du er god til å organisere og delegere, samarbeide med andre,- men likevel ha gode evner til å arbeide sjølvstendig.

 Om stillinga elles:

  • Du vil delta på stabs- og planleggingsmøter med dei andre tilsette.
  • Du må pårekne arbeid ettermiddag, kveld og helg, men styrer mykje av tida di sjølv.
  • Vi krev medlemsskap i Den norske kyrkje.
  • Være lojal mot Hamar Bispedømmes visjon om å være ei åpen og inkluderande folkekyrkje.
  • Samarbeidsevne og personleg egnetheit vil bli vektlagt.
  • Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god møteplass for både kyrkjelyden og dei tilsette.
  • Det kan eventuelt seinare bli ei auke i stillingsprosenten.

Før tilsetjing skal det leggjast fram tilfredsstillande politiattest (jf. KL.§29). Løn og arbeidsvilkår i henhald til gjeldande regulativ og KA si tariffavtale for kyrkjeleg tilsette.

 Nærare opplysningar kan rettast til fellesrådsleiar Erik Lillebråten tlf. 909 71 257.

Søknad med attestar og vitnemål sendes til : Vågå kyrkjelege fellesråd, postboks 78, 2684 VÅGÅ eller post.vaga@kyrkja.no innan 1. november 2021.

 

 

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

13.07 | 08:07

Hei. Takk for henvendelsen. Du finn informasjon ang ope kyrkje under Turist i Vågåkyrkja på vår heimeside. Velkomen

...
09.07 | 13:03

Hei
Går det å kome inn i kyrkja nå i juli? Kva tider i så fall?

...
22.08 | 14:45

Eg lurer på om kyrkja er åpen for omvisning nå i september ?

...
12.07 | 22:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinventaret, altertavla, preikestolen, døypefonten og det nye orgelet.

...
Du liker denne siden