Ledig stilling som klokkar frå d.d.

Klokkar i Vågåkyrkja

Vågå kyrkjelege fellesråd har frå dags dato ledig jobb som klokkar i 20% - med moglegheit for at det vert ei auke til 30%.

Klokkar blir tilsett av Vågå kyrkjelege Fellesråd og er i stab med sokneprest, organist, sekretær, trusopplærar, kyrkjegardsarbeidar og kyrkjeverje. Kontorfelleskapet ligg på kommunehuset rett ved kyrkja. Tilsetjinga skjer på grunnlag av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler med pensjonsordning i KLP.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for praktisk førebuing og opprydding i samband med gudstenester, gravferd og vigsel. Reinhald i kyrkja og kyrkjestugu. Delta i hovudreingjering ein gong i året i lag med andre. Ansvar for klokkeringing (automatisert) og noko tekstlesing i gudstenester. Delta på stabsmøter.

Ved ei eventuell auke i stillinga til 30% vil det bli 10% som vert lagt inn mot trusopplæringa i kyrkjelyden. Arbeidsoppgåver vil da bli å avhjelpe trusopplæraren med praktiske arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein person med gode evner til å arbeide sjølvstendig og til å sjå kva som skal gjerast.
  • Fleksibilitet og ansvarskjensle.
  • God evne til kommunikasjon med alle aldersgrupper i alle livssituasjonar.
  • Samarbeid med andre tilsette og friviljuge.
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt.
  • Må være medlem i Den norske kyrkja og ha gode norskkunnskaper.

Du må pårekne deg arbeid både vekedagar og helg. Vi har tysdag og fredag som faste gravferdsdagar, og i snitt har vi omlag 50 gravferder i året.  Det vil bli gjeve to frihelger i månaden (ei som det er messefri og ei ekstra i tillegg) Full opplæring vil bli gjeve. Ved tilsetjing vil det kunne leggjast fram politiattest.

Ta konktakt for nærare informasjon til tlf. 612 93 740.

Søknad til Vågå kyrkjelege fellesråd, postboks 78, 2684 Vågå eller e-post: postmottak@vaga.kyrkja.no

Søknadsfrist: 22.5.2019

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.11 | 18:19

Hvor kommer hun fra ?

...
25.08 | 14:56

Reagerer sterkt på at det står "langtidssykemeldt" på organisten. Det bør endres til "pt. ikke i arbeid." !!

...
12.07 | 22:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinventaret, altertavla, preikestolen, døypefonten og det nye orgelet.

...
22.11 | 09:36

Hei !
Gå inn på disnorge.no/gravminner, gå vidare på fanen Finn gravplass, velg Oppland, Vågå.
Her finner du oversikt over gravene på kyrkjegarden.

...
Du liker denne siden