Personvernerklæring Vågå sokn

PERSONVERNERKLÆRING 

BEHANDLING AV PERSONOPPLYSNINGAR I VÅGÅ KYRKJELGE FELLESRÅD

Når du er kontakt med oss enten via brev, e-post eller på anna måte, vil Vågå kyrkjelege fellesråd behandle personopplysningar om deg. Nedafor finn du derfor informasjon om personopplysningar som blir samla inn, kvifor vi gjer dette og dine rettigheiter knytta til behandlinga av personopplysningane.

Behandlingsansvarleg for personopplysningane vi behandlar er:

Vågå kyrkjelege fellesråd v/kyrkjeverje Kristin Syvergaard

Besøksadresse: Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå,  Postadresse : Postboks 78, 2684 Vågå.

E-post: ks872@kyrkja.no

Telefon: 61 29 37 43/ 48 13 18 33

Organisasjonsnummer: 976 988 825

For spørsmål du måtte ha om vår behandling av dine personopplysningar, vær venleg å ta kontakte oss på e-post eller telefon.

Kvifor samlar vi inn personopplysningar og kva slags informasjon samlar vi inn?

Vi samlar inn og brukar dine personopplysningar til ulike formål avhengig av kven du er og kvifor vi kjem i kontakt med deg. Vi samlar inn følgjande personopplysningar til formåla angitt her:

  1. Besvare henvendingar som kjem inn til oss. Namn, telefonnummer, e-postadresse og eventuelle personopplysningar som måtte følgje av henvendinga. Behandling av personopplysningar skjer på grunnlag av ei interesseavveining. Vi har vurdert det slik at dette ofte er nødvendig for å kunne hjelpe deg med det du lurer på.

Dette betyr kontaktinformasjon og personopplysningar som er nødvendig for å yte deg  tenester i forbindelse med kyrkjelege handlingar, trusopplæringstiltak, konfirmantarbeid og øvrige tilbod det er mogleg for deg å melde deg på.

  1. For å gi informasjon om vår verksemd: E-postadresse. Behandlinga skjer på grunnlag av avtale/etterspørsel frå deg (samtykke).
  2. Rekruttering til nye stillingar hjå oss: CV, søknad, attester og referansar. Behandling av personopplysningar skjer på grunnlag av samtykke du har gjeve.
  3. Ny 2020! Registrering ved kyrkjelege handlingar. Styresmaktene har bestemt at vi skal ha oversikt over kven som er i kyrkja, slik at vi kan bidra til eventuell smittesporing. Registreringslista vert oppbevart i 10 dagar før den vert makulert. Dette er jfr. Covid-19-forskriftens 13.

Utlevering av personopplysningar til andre

Vi gjev ikkje personopplysningane dine vidare til andre, med mindre det foreligg lovleg grunnlag for slik utlevering.

Vågå kyrkjelege fellesråd bruker ulike databehandlare til å samle inn, lagre eller på annen måte behandle personopplysning på våre vegne. I slike tilfelle har vi inngått avtaler for å ivareta informasjonssikkerheit  i alle ledd av behandlinga. Vi brukar følgjande databehandlarar per i dag:

Kirkerådet

Den norske kyrkja sitt medlemsregister: Oversikt over alle kyrkja sine medlemmer og tilhørige (barn under 18 år, kvar minimum den eine av foreldra er medlem).

Medlemsregisteret er grunnlaget for det kyrkjelege manntall til bruk ved val til sokneråd, bispedømmeråd og Kyrkjemøte. I tillegg blir personopplysningane sjekka ved innmelding til dåp, konfirmasjon, vigslar og ved gravferd.

Kirkedata: Kyrkjeleg dataprogram. «Kardinal»: Namn, adresser og fødselsdato, som brukas for å sende invitasjonar til arrangement for ulike aldersgrupper. Alle kyrkjelege handlingar vert registrert her. 

Ecclesia : Gravferdsprogram. Namn, fødsels- og dødsdato over alle gravlagde. Nødvendig oversikt for den daglige drifta av gravplassane. Namn, adresse, e-post, telefon og fødselsdato på festarar er grunnlaget for å krevje inn festeavgift.

 

Kirkepartner: Dataplattform for Den norske kyrkja

Felles plattform som alle på kyrkjekontoret arbeider på med felles intranett, epostprogram og andre felles tenester.

Regiondata:

Vågå kyrkjelege fellesråd har avtale om  tenester på løn/ rekneskap/revisjon hjå Vågå kommune. Vågå kommune bruker Regiondata som leverandør av fagprogram til dette. I tillegg til personopplysningar med namn, personnummer, adresser i forbindelse med løn til tilsette, oppbevarer vi dei same opplysningane i forbindelse med utbetalingar til folkevalte og andre.

All behandling av personopplysningar skjer innanfor EU/EØS-området.

 

Lagringstid:

Vi lagrar dine personopplysningar hjå oss så lenge det er nødvendig for det formål personopplysningane ble samla inn for. Sidan Den norske kyrkja er forplikta av arkivloven, gjer vi oppmerksam på at sletting først kan gjennomførast der dette er i samsvar med regelverket i arkivlova sitt regelverk om kassasjon.

Dine rettighetar når vi behandlar personopplysningar om deg

Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi behandlar om deg. Du har vidare rett til å krevje begrensa behandling og kan ha innvendingar mot behandlinga.  Du kan lese meir om innhaldet i disse rettighetane på Datatilsynets nettside: www.datatilsynet.no

 

For å ta i bruk dine rettigheitar må du sende e-post til behandlingsansvarleg på e-post: ks872@kyrkja.no  

Vi vil svare på di hendvending så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar.

Vi vil be deg om å bekrefte din identitet eller å gje ytterlegare informasjon før vi let deg ta i bruk dine rettigheitar overfor oss. Dette gjer vi for å være sikre på at vi kun gjev tilgang til dine personopplysningar til deg, og ikkje nokon som gjer seg ut for å være deg.

 Du kan til einkvar  tid trekkje tilbake ditt samtykke for behandling av personopplysningar hjå oss. Den enklaste måten å gjere dette på, er å ta kontakt med behandlingsansvarleg på e-post: ks872@kyrkja.no

Klagar: Om du har spørsmål om behandlinga av personopplysningar i kyrkja kan du kontakte kyrkjas personvernombod: personvernombudet@kirken.no.

Om du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje er i samsvar med personvernlovgjevninga, kan du klage til Datatilsynet på postkasse@datatilsynet.no 

Endringar: Endring av våre tenester og endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan medføre forandring i informasjonen du er gjeve her. Oppdatert informasjon finn du på vår nettside www.vagakyrkja.com

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

02.12 | 15:46

Send til : post.vaga@kyrkja.no

...
02.12 | 15:36

Hei, jeg tok endel fine bilder av prest og kirke i høst. Lurer på en dere har en email adresse jeg kan sende til.

...
22.08 | 14:45

Eg lurer på om kyrkja er åpen for omvisning nå i september ?

...
16.11 | 18:19

Hvor kommer hun fra ?

...
Du liker denne siden