Covid-19 situasjonen og kyrkjeleg aktivitet

O P P D A T E R I N G pr. 9. november 2020

  • Maks 50 deltakere på gudstjenester og kulturarrangementer i kirken fordi denne ikke har fastmonterte stoler, ref regjeringens definisjon. + dei ansatte.
  • Kirkerådet og KA anbefaler at fysiske samlinger utover forordnede gudstjenester, avtalte kirkelige handlinger (dåp og bryllup) og gravferdsseremonier avlyses ut november måned. Dette må likevel vurderes og besluttes lokalt ut ifra den lokale smittesituasjonen.
  • Nattverd, lystenning o.l. frarådes for å redusere bevegelse i rommet. Ofring bør skje med Vipps e.l. Dette må likevel vurderes lokalt og ut i fra den lokale smittesituasjonen.
  • Oversikt over deltakere nå skal oppbevares i 14 dager.

Smittevernet ved virksomhet i Den norske kirke bygger på fem hovedprinsipper:

  • Syke personer skal ikke delta på fysiske samlinger.
  • Gode rutiner for hygiene, håndvask og renhold.
  • Minst mulig felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  • God avstand mellom alle som deltar.
  • Tilstrekkelig bemanning til stede.

 


 

 

Oppdatering 16.6. kl. 14.00

Nye retningslinjer gjev nå tillatelse til at det kan samlast opp mot 200 personar. MEN lokalet gjev begrensningar  - for vi må fortsatt halde ein meters regelen. 

Vågåkyrkja er ikkje av dei mest romslege, og vi må her vurdere kor mange som kan være i lokalet etter om det er familie som kan sitje i lag, eller om det er enkeltpersonar som må ha ein meters avstand. Vi har fysisk stengt av annankvar benk for å halde einmeters regelen. Så da kjem alt an på kor mange som kan sitje i lag i benkane som er opne.

Dette gjeld både for gudsteneste, vigsel og gravferd.

Den nye smittevernlederen kan du finne på ka.no

 

 


 

 

Pr. 4. juni ingen endring frå status 8. mai.

 

Oppdatering 8. mai:

Det er nå sentralt utarbeidd ein smittevernrettleiar som opnar for gudstenestefeiring med begrensningar på 50 personer tilstades. Det er og ei forutsetning at utforminga av kyrkjerommet gjer at ein klarer å overhalde minimum 1 meter mellom kvar person (av dei som ikkje er i same husstand). Kyrkjeverja/sokneråd/prest ser nå på dette og utarbeider klåre instruksar for Vågåkyrkja.

Same antallet gjeld for gravferd, dåp og vigsel. Det er nokre som har utsett dåpen dei hadde planlagt, men ta gjerne kontakt så får vi til ei ordning.

Dei planlagte konfirmasjonsdagane er flytta til hausten.

Ellers har prest og organist kvar onsdag vore utanfor Vågåheimen og hatt enten sangstund eller andakt. Dette er til stor glede for bebuarane som sit trygt i stova og får lyden inn via høgtalar. Vi vil fortsette med dette framover. Det er og ordna så bebuarane får være med via streaminga av gudstenestene frå kyrkja.

 

Søndag 10. mai blir det direktestreama gudsteneste frå kyrkja kl. 13.00. Medverkande er Iselin Vistekleiven, Anna Linnea Steen og Tonje-Eilin Ulsletten. Cynthia Slomp Renaa er prest og organist er Reidar Svare. Følg med på FB !

17. mai vil vi opne kyrkja til kveldsgudstenesta kl. 20.00, i tillegg vert ho lagt ut digitalt.

 

Vi kjem attende med gudstenesteoversikt når vi får funne ut kva vi får til/ bestemmer oss for framover.

Har nokon lyst til å støtte dei digitale gudstenestene våre så er det anledning til å gje takkoffer til vipps 114899.

 

Vi er fortsatt på heimekontor da kontorlokala våre gjer at vi ikkje klarer å overhalde metersregelen. Men du treffer oss på telefon og mail!

 

 


 

20.april: Vi er fortsatt på heimekontor, men vi er tilgjengelege!

Det er dei same begrensningane på antal som kan være tilstades i kyrkjelege handlingar. Vi vonar likevel at folk føler at kyrkja er tilstades og er nærværande i denne tida. Staben har nå brukt eit par dagar til renhald av kyrkja. Vi har vaska real laurdagsvask, bamsae i leikekroken har vore i vaskemaskina, golvryene våre har vore på rens - så når vi får opne att så skal alt være reint.  

 


 

Oppdatert 30.03.

Heile staben er nå på heimekontor etter tilråing frå biskopen. Men vi er tilgjengelege på telefon og kjem til kontoret ved behov. Det er berre å ringje oss, vi er her for døkk!

Du finn alle telefonnummera våre på fana: Tilsette

Nye begrensninger på antal i kyrkjelege handlingar frå d.d
Gravferd: maks 25 personar til stades i kyrkjerommet (inkl. tilsette)

Vigsel og dåp: maks 10 personar til stades i kyrkjerommet (inkl. tilsette)

 

 


 

 

 

 

OPPDATERT INFORMASJON OM KORONASVIRUS OG AVLYSNING AV KYRKJELEGE ARRANGEMENT
Hamar biskop har i samsvar med retningslinjer frå Fylkesmannen i Innlandet, gjeve nye tilrådingar i dag 12/3 kl. 11.00. Dette vil vi i Vågåkyrkja sjølvsagt følgje.
Dette gjer at :

- Alle gudstenester og arrangement blir avlyst t.o.m. palmesøndag 5. april.

- Avtalt dåp vert gjennomført for næraste dåpsfamilie.

- Gravferd kan gjenomførast med maks. 50 personar til stades. Håndhelsing og klemming er frarådd. Mht.reinhald gjer vi det vi greier for å forhindre smitte.

Treng nokon samtale eller soknebud så er vi tilgjengelege, du finn nr. til oss her på heimesida.

Vi vil alltid være tilgjengelege for pårørande ved dødsfall og andre ting som må ordnast.

Nå er det viktig at vi alle gjer det helsemyndigheitene ber oss om, samstundes som vi beheld roa og er tilstades for kvarandre.
Det vil bli ei litt rar tid framover, men det vil gå bra

 

 

oppdatert pr. 12.3 kl. 14.00

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

02.12 | 15:46

Send til : post.vaga@kyrkja.no

...
02.12 | 15:36

Hei, jeg tok endel fine bilder av prest og kirke i høst. Lurer på en dere har en email adresse jeg kan sende til.

...
22.08 | 14:45

Eg lurer på om kyrkja er åpen for omvisning nå i september ?

...
16.11 | 18:19

Hvor kommer hun fra ?

...
Du liker denne siden