Ledig stilling organist

I Vågå er det ledig stilling som ORGANIST i 80% fast stilling

Vågå kommune har vel 3600 innbyggjarar der 88 % er medlemmar i Den norske kyrkja. Soknet har ei kyrkje, Vågåkyrkja, samt eit privateigd kapell. Vågå høyrer til Nord-Gudbrandsdal prosti i Hamar bispedømme.

Opprinneleg var Vågåkyrkja ei stavkyrkje frå perioda 1150-1200, men endra behov for bygdas befolkning førte til at kyrkja vart fullstendig ombygd i åra 1625–1630. Byggmester var den kjende kyrkje- og tårnbyggaren Werner Olsen Skurdal frå Nes på Hedmarken.

Vågåkyrkja har plass til 250 personar.

Orgelet i kyrkja vart innvia i 2002. Det var ei gåve frå ein privat gjevar, og vart bygd av den danske orgelbyggaren Marcussen & Søn. Orgelet har 1200 piper, og er beskreve som eitt av dei flottaste kyrkjeinstrumenta i Gudbrandsdalen.

Organisten har kontor på kyrkjekontoret på kommunehuset i Vågå. Staben elles består av kyrkjeverje, sekretær, sokneprest, trusopplærar, klokkar og kyrkjegardsarbeidar.

 

 Nå søkjer vi etter ny organist som skal -

  • Ha det overordna musikalske ansvaret i soknet  i samband med gudstenester, vigsel, gravferder, andakter, salmekveldar og andre kyrkjelege aktivitetar (Orgel, piano, sang, solistar, kor og andre friviljuge engasjement)
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av den kyrkjelege aktiviteten i Vågå i samarbeid med tilsette og friviljuge.
  • Medverke i planlegging og gjennomføring av trusopplæringa i kyrkjelyden.
  • Samarbeide med det rike kulturlivet i kommuna vår.


Av kvalifikasjonar og eigenskapar vil vi vektleggje –

  • At du har kyrkjemusikalsk eller anna relevant utdanning og erfaring.
  • At du er positiv og kontaktskapande og har gode samarbeidsevner.

 Om stillinga elles:

  • Du vil delta på stabs- og planleggingsmøter med dei andre tilsette.
  • Du må pårekne arbeid ettermiddag, kveld og helg.
  • Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god møteplass for både kyrkjelyden og dei tilsette.

 

Før tilsettjing skal det leggjast fram tilfredsstillande politiattest (jf. KL.§29).  Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja.  Løn og arbeidsvilkår i henhald til gjeldande regulativ og KA si tariffavtale for kyrkjeleg tilsette.

Nærare opplysningar kan rettast til fellesrådsleiar Erik Lillebråten tlf. 909 71 257.

Søknad med attester og vitnemål sendes til : Vågå kyrkjelege fellesråd, postboks 78, 2684 VÅGÅ innan 14. desember.

 

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.11 | 18:19

Hvor kommer hun fra ?

...
25.08 | 14:56

Reagerer sterkt på at det står "langtidssykemeldt" på organisten. Det bør endres til "pt. ikke i arbeid." !!

...
12.07 | 22:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinventaret, altertavla, preikestolen, døypefonten og det nye orgelet.

...
22.11 | 09:36

Hei !
Gå inn på disnorge.no/gravminner, gå vidare på fanen Finn gravplass, velg Oppland, Vågå.
Her finner du oversikt over gravene på kyrkjegarden.

...
Du liker denne siden