Trusopplæring

DETTE SKJER FRAMOVER:

Måndag 14. mai vert det såing ved kyrkjestugu ( huset bak kyrkja) kl. 17.00.

Vi har sendt ut invitasjon til dei som er 4 år. Dette vert ei samling for å bli litt kjent før dykk blir invitert til å få 4 års boka i september.

Vi skal og ein tur inn i kyrkja for å syge litt og bli kjent med døypefont og orgel.

 

 

Årshjul for trusopplæringa

0-1 år: Babysong ein gong i månaden i samarbeid med frivilligsentralen

3 år: Film i posten i desember: "Kirkerottene og Gabrielle"

3-8 år: Kyrkjerotteteater i april

4-9 år: Kyrkjeklubb på laurdagar

4 år: Såing i april og 4-årsbok på hausttakkfest

5 år: Fastelavensris og baking til fastelavenssøndag

5-6 år: Kyrkjekino i november: "Kyrkjerottene"

6 år: 6-årsbok og 6-årsklubb i august/september

2.- og 3. klasse: Tårnagentar i april/mai

3.- og 4. klasse: Påskesamling med kino i mars/april

5. klasse: Allehelgens-vandring først i november

6.-7. klasse: Ljos Vaken i desember

8. klasse: Pilgrimsvandring i juni

9. klasse: Konfirmantar

Kyrkjeklubben

Kyrkjeklubben møtast laurdagar kl 11.00 – 12.30 i Kyrkjestugu, og er for born i alderen 4 år til 9 år. Vi syng, fortel bibelforteljingar, har ymse aktivitetar og noko godt å ete.

Mai 2018 : Kyrkjeklubben har nå teke sommarferie :)

Babysang vinteren/våren 2018

Det er Småbarnskafe på Frivilligsentralen annakvar måndag kl 10:30-12:30 (partalsveker)

Ca ein måndag i månaden er det babysang der kl 11:00. Vi syng kjente og ukjente regler og barnesongar.

Følg med på facebook og heimesida vår om oppstart i haust.

Vi ynskjer gjennom babysongen å gje eit positivt Gudsbilete midt i ei intens og spennande tid for dykk som foreldre, der borna utvilkar seg med rekordfart. 

Vi dansar, syng og lullar oss gjennom eit  tre kvarters program med rim og regler, songar og dansar.

Kyrkja ynsker å medvirke til positiv kontakt mellom born og vaksne:

  • ved å stimulere dei vaksne til å synge saman med borna sine
  • støtte møtepunkt / sosialt fellesskap mellom borna og dei vaksne

og mellom vaksne og borna seg i mellom ved å:

  • stimulere barnet si språklege, musikalske og motoriske utvikling
  • utvikle barnet sin omgrepsforståing av rom og kropp
  • gje familien ein songskatt som inneheld tradisjonelle viser, rim, reglar, nyare songer og songer som formidlar eit positivt gudsbilete

GLIMT FRÅ FASTE AKTIVITETAR:

LysVaken: Overnatting i kyrkja for 6.- og 7. klasse i desember

Spanande overnatting i Vågåkyrkja for 11- og 12 åringar.

Arrangementet startar laurdag ettermiddag, der vi deltek på ljosmessa ut på kvelden. Vi øver oss på å vere LJOS VAKNE for Gud, kvarandre, oss sjølve og verda: Perlekrans, skattejakt, måltid, song og leik.

Ljos Vaken avsluttast med adventfrokost på Frivilligsentralen sundagsmorgonen for famile og vener, med bilder og anna frå natta.

Påskesamling og kino for 3.- og 4. klasse

Rett før påske er det påskesamling med film.

Først fortel trusopplærar litt frå påskeforteljinga. Kanskje filmen og påskeforteljinga har noko til felles?

Deretter ser vi filmen LEGENDEN OM NARNIA - LØVEN, HEKSA OG KLESSKAPET

Filmen handlar om fire søsken - Lucy, Edmund, Susan og Peter –Ein dag borna leikar gjømsle innadørs oppdagar Lucy eit magisk klesskap. Bakarst i skapet opnar plutseleg Narnia-verda seg. Ei vond, kvit heks har kasta ein forbanning over Narnia, slik at det alltid er vinter. Saman med den mystiske herskaren, løva Aslan, kjempar borna for å overvinne den vonde heksa, og frigjere Narnia frå den iskalde forbanninga for alltid.

Etter filmen vert det påskekviss og premie.

2.- og 3. klassingar er tårnagentar ein sundag i april

Hemmelege oppdrag for Tårnagentar i Vågåkyrkja.

Vi utforskar kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Kanskje får vi tips frå politiet?... Agentane vil denne sundagen måtte løyse oppdrag og mysterium, dei vil få ein eigen agentkode og på kveldsgudstenesta vil dei som kjem til kyrkja få vite noko av det agentane har funne ut.

1.klassingar: Boka "Tre i eit tre" og 6-årsklubb i september

Ein sundag i september er det utdeling av boka "Tre i eit tre" til 6-åringane i Vågå.

Samtidig er det hausttakkemesse der Vågå Bygdekvinnelag pyntar kyrkja for oss, og kanskje får vi smake frykt, bær og grønsaker.

I 2016 var det 6-årsklubb 3 påfølgande torsdagar der vi las frå boka, leika, song og vart kjend med Jesus. 

Mi kyrkjebok til 4-åringar i februar

Ein sundag i februar invitarast alle 4-åringane til å få si eiga kyrkjabok.

Vi møtast på lørdagen før for å bli litt kjent.

Då bakar vi bollar til kyrkjekaffen på sundag. Vi syng og leikar, høyrer ei bibelfortelling og sjølvsagt må vi smake på bollane.

Rotter i Vågåkyrkja!

Kyrkjerotteteater for små og store i april kvart år

Ein laurdag i mai 2015 vart det observert to rotter, ei sint kattemor og ein forkommen kattunge i Vågåkyrkja!

Litt før halv eitt på laurdag strømma det born og vaksne til Vågåkyrkja. Framme i kyrkja var det rigga med lys og lyd til ekte teater. Det var klart for kyrkjerotteteater. Kyrkjerottene vitjar kyrkjer over heile landet med teaterforestillingar for born.

Laurdag var dei var på sitt årlege besøk i Vågåkyrkja. Mange vagvere kjenner kyrkjerottene Fredo og Vesle frå tidlegare teaterførestillingar. I år vart vi også kjent med kattungen og forteljinga om den godhjarta samaritan. Kattungen ville leike gjømsle i Vågåkyrkja, og så klarte han å sette seg fast inne i ein diger, svart og mørk søppelsekk!

Kattemora leita, men fann ikkje den stakkars ungen sin. Og så var ho så sint, og freste til alle ho ikkje kjente. Ja, ho freste så alle i kyrkja skvatt! Det var skikkeleg skummelt!

Ungane i kyrkja prøvde å fortelje Vesle og Fredo om den stakkars kattungen, men rottene ville verken tru eller høyre på at det var katter i Vågåkyrkja.

Rottene syns det var kjempeskummelt med katter – ”dei et jo oss rotter!”

– men så var det det med å hjelpe andre, til og med dei ein ikkje liker… Heldigvis fann dei på noko lurt, slik at kattungen vart funne, og redda ut av ein søppelsekk inne i Vågåkyrkja!

Etter ein knapp time rusla små og store ut av kyrkja, letta over at det gjekk bra med både Vesle og Fredo, og Kattungen og kattemor.

 

2018: Kyrkjerottene og kattungen

2019: Kyrkjerottene og Lea Mus

2020: Kyrkjerottene og Viggo i tårnet

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.08 | 14:56

Reagerer sterkt på at det står "langtidssykemeldt" på organisten. Det bør endres til "pt. ikke i arbeid." !!

...
12.07 | 22:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinventaret, altertavla, preikestolen, døypefonten og det nye orgelet.

...
22.11 | 09:36

Hei !
Gå inn på disnorge.no/gravminner, gå vidare på fanen Finn gravplass, velg Oppland, Vågå.
Her finner du oversikt over gravene på kyrkjegarden.

...
21.11 | 21:59

Hei,
Finnes det et nettsted der man kan søke etter graver på kirkegården i Vågå?

Mvh.,
Vidar Fjerdingsta

...
Du liker denne siden