Gravferd - avskil med livet

For oss alle kjem den vonde dagen når vi må ta avskil med ein vi er glad i. Vi står attende i djup sorg, og føler på maktesløysa. Det kan være vanskelig å sjå at livet skal gå vidare.

Oppe i alt dette er det ein del ting du må gripe fatt i, og der kjem og kontakta med oss på kyrkjekontoret. Vi vil gjerne treffe dykk pårørande for at vi ilag kan finne gravstad og tidspunkt for gravferd. Når du er innom på kyrkjekontoret kan vi og som regel formidle avtale med presten og med gravferdsbyrået.

Av andre praktiske ting du må ordne før gravferda er melding av dødsfallet til lensmannskontoret. Der vil dei vete fødselsdata til avdøde, og du vil å få spørsmål om uskifte/skifte bo, arbeid, bopel, arvinger og testament.

Dei fleste vel vanleg gravferd, eller det vi kallar kistegravferd. Vi ser nå at fleire vel bisettelse, så vi legg her ein link til ein informasjonsfilm om kremasjon frå Kirkegårdsforeningen. Den er informativ og svarer på mange spørsmål angåande kremasjon. 

http://kirkegaardskultur.no/kremasjon/velge_kremasjon/ 

 

 

MINNAST MEG

Minnast meg, når sorga den tyngjer, og når du tenkjer at livet er slutt.
Minnast meg når tårene renner, og tenk på at eg alltid passer på deg.
Minnast meg når vårsola skinner, nedi dei bakkane me gjekk ein gong.
Minnast meg når du tenkjer dei tanker, der du og eg gjekk hånd i hånd.

Nå når eg ikkje er meir, må du stå ved roret og styra den båten me hadde ilag.
Nå skal du styra støtt mot eigne strender, men eg vil alltid i tankane bli.

Minnast meg når haustvinden suser, og lauvet fell sikkert til bakken ned.
Minnast meg når du går over golvet, og minnane danser i kvar ein krok.
Minnast meg når du smiler så stille, og du føler mi hånd i di, der du sit.

I den tida så kjem skal minnane strøyma, med dei vil og gleda og gråt følgja med.
Når dei mest riv deg sund, skal du freista og smila og kjenna i hjarta dit at eg framleleis er der.

Minnast meg når du føler det lettare, og livet blir lysare for kvar ein dag.
Minnast meg då som den beste tida, og då vil du og kjenne glede og ro.

 

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.08 | 14:56

Reagerer sterkt på at det står "langtidssykemeldt" på organisten. Det bør endres til "pt. ikke i arbeid." !!

...
12.07 | 22:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinventaret, altertavla, preikestolen, døypefonten og det nye orgelet.

...
22.11 | 09:36

Hei !
Gå inn på disnorge.no/gravminner, gå vidare på fanen Finn gravplass, velg Oppland, Vågå.
Her finner du oversikt over gravene på kyrkjegarden.

...
21.11 | 21:59

Hei,
Finnes det et nettsted der man kan søke etter graver på kirkegården i Vågå?

Mvh.,
Vidar Fjerdingsta

...
Du liker denne siden