Konfirmasjon i Vågå

Vågåkonfirmantane 2016. Foto: Kjell Stålevik.

Konfirmasjon er ei stadfesting av dåpen som fann stad da du var berre liten. Du kan delta i konfirmantundervisninga utan å være døypt, men før sjølve konfirmasjonsgudstenesta finn stad må du døypast.

I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får anledning til å utforske nokre av livets mange spørsmål saman med andre. Vi har samtaler om livet – på godt og ondt.

Her i Vågå foregår konfirmantundervisninga det året du går i niande klasse. For dei som ynskjer har vi tilbud om å delta på konfirmantleir i Kragerø i august. Ellers er konfirmantudervisninga sett til ordinær undervisning på ettermiddagstid, og ev. helgesamling.

Det er eit flott skue med Vågåkyrkja full av konfirmantar og familie på konfirmasjonsmessene vi har kvar vår. Ein festdag i Vågåkyrkja!

 For meir utfyllande informasjon gå inn på : https://kirken.no/konfirmasjon

 

KONFIRMASJONSDAGAR I VÅGÅ I ÅRA FRAMOVER - etter vedtak i soknerådet 13.6.2016. Det vert nå konfirmasjon fast kvar pinsedag og laurdagen før eller etter utifrå når på året pinsa kjem.

Laurdag 27. mai , søndag 28. mai og søndag 4. juni - 2017

Søndag 20. mai og laurdag 26. mai - 2018

Laurdag 1. juni og søndag 9. juni - 2019

Laurdag 23. mai og søndag 31. mai - 2020

Søndag 23. mai og laurdag 29. mai - 2021

Laurdag 28. mai og søndag 5. juni - 2022

Søndag 28. mai og laurdag 3. juni - 2023

Søndag 19. mai og laurdag 25. mai  - 2024

Laurdag 31. mai og søndag 8. juni  - 2025

 

 

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.11 | 18:19

Hvor kommer hun fra ?

...
25.08 | 14:56

Reagerer sterkt på at det står "langtidssykemeldt" på organisten. Det bør endres til "pt. ikke i arbeid." !!

...
12.07 | 22:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinventaret, altertavla, preikestolen, døypefonten og det nye orgelet.

...
22.11 | 09:36

Hei !
Gå inn på disnorge.no/gravminner, gå vidare på fanen Finn gravplass, velg Oppland, Vågå.
Her finner du oversikt over gravene på kyrkjegarden.

...
Du liker denne siden