Oppdatering 1.2.2021. Det er nå lov med 10 personar i dåp. Vi er svært fleksible og legg opp til egne dåpsgudstenester, da kan vi ha fleire dåpsbarn same dag. Ta kontakt med oss på tlf. 911 73537 for å gjere
avtale. (Vi sit mykje på heimekontor nå denne tida)
Dåp er ein gamal tradisjon i landet vårt - truleg i din familie og. Når du let barnet ditt bli døypt legg du det i Guds hender. Det vert Guds
barn og medlem av vår kyrkje og Guds familie på jorda.
Alle er velkommen til å nytte Vågåkyrkja til dåp. Ta kontakt med oss på tlf 61 29 37 40 så får du vete når vi har gudsteneste der vi kan
døypa bornet ditt. Veka før dåpen finn stad vil gjerne presten ha ei dåpssamtale med dykk. Denne samtala har du gjerne med presten på heimstaden din hvis du ikkje bur i Vågå. I samtala prater dykk generelt om dåpen,
praktisk informasjon og det vert og informert om trusopplæringa i kyrkjelyden.
Ved dåpen skal barnet ha minst to faddere. Du kan høgst ha seks og dei må ha fylt 15 år. Foreldra kan ikkje være faddere.
Når
det gjeld navnevalg skal dette meldast til folkeregisteret.
Ved dåpen får du dåpsattest, du får og dåpsserviett og dåpsljos som er ei gåve frå kyrkjelyden.
Vi ynskjer deg velkommen til dåp
i Vågåkyrkja !
Du kan og lese meir om dåpen og sjå Kirkerådets nye film om dåp her:
http://www.kirken.no/daap