Den eldste kyrkja vi veit om i Vågå er St. Peterskyrkja. Det var ei stavkyrkje med eitt skip som vart riven omkring 1625. Trevirke frå denne kyrkja vart nytta til den nåværande Vågåkyrkja. Mellom anna vart dei
utskorne veggplankane frå den gamle kyrkja sette opp i sin opphaveleg samanheng attmed hovudinngangen. Den nåværande hovuddøra er truleg breiare enn den som stod i stavkyrkja. Dørringen har mellomalder-preg og kan vera frå
den eldste døra. Den staselege sør-portalen er noko avskoren i overkanten, truleg på grunn av tilmåting til veggsystemet i Vågåkyrkja. På grunnlag av stilen i dei utskorne felta på gammalt material, tidfestar
ein stavkyrkja til 1100-talet.
Vågåkyrkja vart bygd i åra 1625-1630 av Werner Olsen, presteson frå Nes på Hedmark. Grunnplanen til Vågåkyrkja er krossforma, og konstruksjonen er i reisverk. Byggjemåten
liknar den som på meisterleg vis er nytta i dei gamle stavkyrkjene, men er gjort enklare. I tillegg til dei utskorne veggplankane og sørportalen er mesteparten av veggplankane i skipet og tverrskipet material som har vore nytta før.
Utvendig så syner kyrkja seg i hovuddrag slik ho såg ut da Werner Olssen bygde henne. Men sakristiet av lafta tømmer på nordsida av koret vart bygt seinare i same hundreåret. I samband med eit større restaureringsarbeid
i 1914 vart kyrkja grundig restaurert og istandsett.
Benkevangane slik dei står i dag, er med unntak av to, skorne og måla av Ragnvald Einbu under restaureringsarbeidet i 1914. Golvet i kyrkja vart vølt i 1914 og 1976, siste gongen
vart det lagt nytt golv i store delar av kyrkja. Under kyrkja var det likkjellar fram til 1860.
Døypefonten i kleberstein blir tidfesta til 1100-talet. Han har eit fint ringlekkje-mønster på skåla og bandflettingsmønster
på foten.
Krusifikset over tverrbjelken er eit unggotisk arbeid som blir tidfesta til midten av 1200-talet. Preikestolen vart laga til kyrkja i 1630 åra. Biletfelta på preikestolen syner hendingar i Jesu liv: Engelen kjem med
bod til Maria, hyrdingane tilbed, omskjeringa, kongane som tilbed, krossfestinga og oppstoda. Under lydhimmelen sviv Anden som ei due, og øvst oppe står apostlane.
Altartavla skal vere skoren av biletskjeraren Johannes Larssen Skråstad
frå Vang på Hedmark i 1674, og måla av kontrafeyer Peder Johnssen i 1677. Han skal og ha måla preikestolen som truleg har stått umåla til den tid. Akantusranka omkring altartavla er skoren av Østen Kjørren
og oppsett i 1758. Kjørren skar også ranka på korbogen.
Stupulen er bygd av laftetømmer og oppsett på 1600-1700 talet. Dei tre kyrkjeklokkene er plassert i stupulen sin tredje etasje. Den eldste av klokkene er støypt
i Vågå i 1819.
Kykjegarden er eit særsyn med sine mange gravminner i tre og kleberstein. Særleg kan ein merke seg dei romanske hjulkrossane og akantusprydde steinane frå sist på 1700 talet, samt dei mange skorne gravfjølene.
Kyrkjegarden er utvida fleire gonger, sist i 1978.